Vår visjon: "Å dele den gode skatten" (jf. 2.Tim 1,14)
Balestrand sokn har same grenser som Balestrand kommune. Balestrand sokneråd er einaste sokneråd i kommunen og har dermed både soknerådsfunksjon (ansvar for det kristelege livet i soknet) og fellesrådsfunksjon (ansvar for tilsette, kyrkjebygg og kyrkjegardar). Balestrand sokneråd er valt av medlemene i Balestrand kyrkjelyd.
Kyrkjelydsbladet for Balestrand nr.3-2011 kom i postkassane ca 17.desember og kan her lastast ned som pdf (ca 5 MB). I dette nummeret kan ein lese litt om kyrkjelydspedagogen, om julevandring i kyrkja for skule og barnehage, frå 10.klasse sin tur til Polen mm.
Ved soknerådsvalet 12.september vart det valt 8 faste medlemer og 5 varamedlemer til Balestrand sokneråd for perioden 2012-2015 (trer i kraft frå 1.november 2011). Det var ei kandidatliste med 18 kandidatar og det var høve til å gje tilleggsrøyster og stryke kandidatar. Det var 267 personar som røysta (valdeltaking på 30,5 % mot 29,8 % i 2009). Av desse var 23 førehandsrøyster. 93 røystesetlar var uretta og 174 røystesetlar inneheldt endringar. Valresultatet finn du på kyrkjevalet.no eller ved å gå vidare under "Les meir"...
Sommarnummeret av Kyrkjelysbladet for Balestrand kan no lesast i pdf-format her. Av innhaldet kan til dømes nemnast presentasjon av kandidatane til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet til hausten, ein artikkel om prosessen med restaurering av ei lysekrone frå Kvamsøy kyrkje, sommarandakt av Jan Herland og nyhende om eit legat "til fordel for Balestrand kyrkjelyd" oppretta ved testementet etter ekteparet Thorbjørnsen. (Egil Steen Thorbjørnsen var sokneprest i Balestrand på 70-talet)
Alle som er fødde i 1997 har fått brosjyren "Konfirmant 2012" i posten tilsendt frå Kyrkjerådet. Generell informasjon om konfirmasjon i Den norske kyrkja finn ein på sida konfirmant.no. I starten av juni har dette årskullet også fått lokal informasjon om konfirmasjonsopplegget her i Balestrand og påmeldingsskjema. Sjå konfirmantsida for fleire detaljar og kopi av utsend informasjon. Lekkje til konfirmantsida finn ein også i menyen øvst på sida.
Tilbake
Balestrand sokneråd Sjøtunsvegen 6 6899 BALESTRAND Telefon: 57 69 15 48 Faks: 57 69 15 99 Prest: 57 69 16 80 E-post: Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no
Your browser does not support iframes.