Balestrand sokn - Balestrand kyrkjelyd > Artiklar > Nyheter
Samanslåing i 2020

16.03.2018

Samanslåing i 2020

Balestrand går frå 1.1.2020 inn i nye Sogndal kyrkjelege fellesråd.

Samanslåing av kommunane Balestrand, Sogndal og Leikanger frå 1.1.2020 medfører automatisk at fellesråda i kommunane også må slå seg saman. Balestrand sokneråd (eittsoknskommune) og Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd (samanslege frå før) har valt ei kyrkjeleg fellesnemnd som jobbar med samanslåingsprosessen på same måte som kommunal fellesnemnd. Jorunn Merete Haukås-Eide, noverande kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger, er tilsett som kyrkjeverje i nye Sogndal kyrkjelege fellesråd og fungerer som prosjektleiar. På desse sidene kan du lese meir om arbeidet til fellesnemnda.