Balestrand sokn - Balestrand kyrkjelyd > Artiklar > Nyheter
Resultat frå fasteaksjonen 2019

07.04.2019

Resultat frå fasteaksjonen 2019

Totalt kom det inn 23.837 kroner i Balestrand, 17,75 kr per innbyggar og 2,76 prosent meir enn i 2017,  sjå fasteaksjonen.no.

 

 «Gje eit liv med reint vatn» var temaet for årets aksjon der det vart fokusert på at ureint vatn tek livet av fleire enn krig og konflikt. I Balestrand kom det inn 20.557 kr i bøssene på aksjonsdagen 9. april og vi slo dermed fjorårets bøsseresultat med 72 kroner! Samstundes kom det inn meir via Vipps: Inkludert gåvene gjeve via Vipps på 2.950 kr og SMS/div 330 kr vart totalresultatet 23.837 kr, nok til å gje 119 menneske varig tilgang til reint vatn - noko som både reddar og endrar liv.

Fasteaksjonen er kyrkjelydane i Noreg sin årlege aksjon for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i over 25 land rundt om i verda. Sentralt står arbeid med vatn, hygiene, toalett og traumebehandling. Hjå oss er det tradisjon at konfirmantar, konfirmantforeldre og sokneråds­medlemer går med bøsse. På aksjonsdagen hadde vi også god hjelp andre bøsseberarar.

Takk til alle som var med og samla inn! Takk til alle som gav!