Dåp i Balestrand

DåpOm du klikkar her finn du generell informasjon om dåpen frå Den norske kyrkja sentralt (www.kyrkja.no).

Dersom du bur i Balestrand og ynskjer å døype eit barn her må du gjerne ta kontakt for å avtale kva gudsteneste som er aktuell. Når det er avklara bed vi om at du fyller ut og sende inn dette skjemaet: SKJEMA - Innmelding av dåp i Balestrand.

Dersom du bur ein annan stad enn Balestrand, men likevel ynskjer å døype barnet ditt her kan du ta kontakt med kyrkjekontoret via telefon eller e-post og avklare aktuelle gudstenester (sjå gudstenesteplanen på framsida). Deretter tek du kontakt med ditt lokale kyrkjekontor. Ein prest der du bur vil så ha dåpssamtale med foreldre og den lokale kyrkjelyden har ansvar for vidare oppfølging etter dåpen.