Gravferd

Les meir om kyrkjeleg gravferd på Den norske Kyrkja sine nettsider på kyrkja.no ved å klikke HER.

Tid og stad for planlagde gravferder i Balestrand denne og komande veke finn du ved å klikke HER

 

Aktuelle gravferdsbyrå ved gravferd i Balestrand (alfabetisk):

Gravferdsforvaltning - gravplassane i BalestrandTjugum kyrkjegard

Balestrand sokneråd står for den offentlege gravferdsforvaltninga for alle innbyggarane i Balestrand. I det daglege er ansvaret delegert til kyrkjeverja.

 

Filer til nedlasting:

Gjeldande Vedtekter for gravplassane  i Balestrand. I lag med vedtektene ligg også ei orientering frå kyrkjeverja med svar på vanlege spørsmål t.d. vedrørande ansvar og feste.

Gjeldande gravferdsavgifter i Balestrand. Gravferdsvgifta kjem inn ved gravlegging av personar som ikkje var folkeregistrerte i Balestrand. Alle som bur i kommunen har rett på fri enkeltgrav i kommunen. Dersom ein ynskjer gravlegging i ei bestemt grav, t.d. attmed ektefelle, må ein betale festeavgift for å halde av denne grava.

Søknadsformular for feste av grav lenger enn normale maksimumstid som er 60 år frå siste gravlegging.

 

Kart over gravplassane og søk etter gravlagde

Det er tre gravplassar i Balestrand. Ved å klikke på den enkelte kyrkjegard under vil du få opp eit bilete som viser plassering av gravfelt og rekkjer (feltkart):

 

SØK etter opplysningar om gravlagde i Balestrand

Ved å klikker her kjem du til ei side der du kan SØKE etter opplysningar om gravlagde på kyrkjegardane våre. Ut frå delar av eit namn kan ein finne fullstendig namn, fødselsdato, dødsdato, gravlagd dato og gravident. Dei opplysningane som ligg på Internett er i hovudsak dei same som ein kan finne ved å gå på gravplassane og lese på gravminna. Ein kan også sjå plasseringa av grava på eit logisk /skjematisk kart.

Gravidenten er oppbygd slik: 02.D.11.015 - Kyrkjegardsnummer.Felt.Rekkje.Gravnummer. Felt og rekkenummera finn du att på feltkarta som er nemnde lenger oppe på sida. Kyrkjegardsnummera er 02 Tjugum, 03 Kvamsøy, 04 Sæle.

Dersom du skulle få opp "sletta" på ein person du søkjer etter, tyder det at grava har gått attende til kyrkjegarden. Gravlagde som er registrerte som "sletta" kan i fleire tilfelle framleis ha namnet på ein gravstein som står ein annan stad på kyrkjegarden. Det er alltid den sist gravlagde som vil vere registrert på ei grav slik at dersom ein son er gravlagt i grava til mor si, vil mora si grav stå oppført som "sletta".

 

Lekkje til gravferdslova med forskrift:

Gravferdslova (LOV 1996-06-07 nr 32: Lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd)
Forskrift til lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd