Bedehuset Betel, Balestrand

Bedehuset Betel, Balestrand

Bedehuset Betel vart bygd i 1919 og feirar 100-årsjubileum hausten 2019!

Bedehuset ligg sentralt plassert i Holmen, Balestrand. (Kong Beles veg 10). Bedehuset er ikkje knytt til nokon organisasjon, men vert eigd og drive av medlemene via eit styre.

Styret arrangerer søndagssamlingar på ettermiddag (med søndagsskule og tårnagentar under talen), kveldsmøte, bønemøte, 17.mai-fest, julefest mm. Andre lag og organisasjonar har også jamleg møte på bedehuset.

Kyrkja og bedehuset har eit godt samarbeid: Vi prøver å unngå kollisjonar mellom møte og gudstenester og kyrkjelyden leiger bedehuset til ulike tiltak i trusopplæringa.

Sjå PROGRAM for bedehuset framover i kalenderen på denne sida. Du finn meir info om talar mm ved å klikke på aktuell dato. ATTERHALD om endringar.

På nettsida http://balestrandbedehus.blogspot.com/ er det lagt ut ein del talar frå møte på bedehuset.

Program for bedehuset Betel framover