Visjon og verksemdsplan for Balestrand kyrkjelyd

Vår visjon: "Å dele den gode skatten"Vår visjon: "Å dele den gode skatten"

(jf. 2.Tim 1,14)

Visjonen til Balestrand kyrkjelyd vert konkretisert gjennom desse hovudpunkta:
  • Å bevare dei døypte i si dåpspakt
  • Å kalle menneske i Balestrand til tru på Jesus Kristus og teneste for han
  • Å gjere kyrkjelyden merksam på og utruste til sitt diakonale ansvar i nærmiljøet
  • Å gjere kyrkjelyden merksam på sitt verdsvide misjonsansvar
  • Å utvikle nådegåver og naturgåver til beste for heile Kristi lekam
  • Å utøve eit godt personalarbeid og forsvarleg ivaretaking av kyrkjer og kyrkjegardar

Heile verksemdsplanen slik han vart vedteken på soknemøte i juni 2004 kan lastast ned her.